Høyring - endringar i åndsverkslova

Høyring frå KUD om endringar i åndsverkslova.

Frist for levering er 2011-09-30.

Høyringsfråsegn

Kulturdepartementet BRPostboks 8030 Dep BR0030 Oslo BREpost: postmottak@kud.dep.no

Høyringsfråsegn frå Norwegian Unix User Group til endringar i åndsverkslova.

Feil i høyringsnotatet

Først vil vi påpeike ein del feil i høyringsnotatet. Vi har valt å skilje faktafeil frå meiningar ved å ta opp dei mest graverande feila i eit eige avsnitt.

Det er ikkje alltid ulovleg å dele materiale verna av opphavsrett over internett utan løyve frå opphavsmannen. Privatkopiering er lov, anten det føregår over internett, på diskett eller kopimaskin. For kopiering av bøker er det òg lov å få hjelp frå ein tredjepart.

Skildringa av bittorrent ser ut til å ha vore skriven for meir enn seks år sidan. Det har skjedd mykje sidan då. Protokollen vart utvida i 2005 slik at tracker-funksjonen er like distribuert som sjølve fildelingsfunksjonen[http://en.wikipedia.org/wiki/BitTorrent_%28protocol%29#Distributed_trackers]. Ein tracker er difor ikkje lenger naudsynt for å få tak i innhaldet, og ein klient treng ikkje registrere seg hjå ein tracker for å laste ned ei fil. Fjerning av materiale frå ein tracker, blokkering av ein tracker eller liknande vil berre hindre nedlasting for brukarar som ikkje har oppgradert programvaren sin på mange år, og ikkje treffe nokon som driv fildeling i stor skala.

På side 8 står det at The Pirate Bay fungerer som tracker, men trackeren til The Pirate Bay vart nedlagt 17. november 2009[http://thepiratebay.org/blog/175]. Då hadde trackeren etter deira meining utspelt si rolle.

Det er ikkje naudsynt å ha torrent-filene på nett heller (sidan 2005). Bittorrent-klienten kan bruke ei enkel lenke (magnet-lenke) til å finne innhaldet på tilsvarande måte som tracker-funksjonen er distribuert. Sidan 2007 har det eksistert utvidingar for å distribuere søk og indeksar på same måte (Qubit til Azureus, Tribler, etc). Dette har gjort The Pirate Bay og tilsvarande nettstader overflødige for å spreie innhaldet, men dei er framleis mykje brukt til å diskutere innhald og til å promotere nytt inhhald.

På side 34 står:

Ei maskin vil som regel be om å få attende same IP-adresse som sist neste gong ho vert slått på, og vil få ho attende med mindre det har teke so lang tid at adressa har vorte utlevert til nokon andre i mellomtida. Maskiner som sjeldan er av i lange periodar, til dømes trådlausrouterar, kan ha den same IP-adressa i mange år. Ei datamaskin som kontaktar nettet gjennom ein trådlausrouter, vil få adressa til trådlausrouteren som synleg adresse på nettet. Mange brukar trådlaust nett i dag, og mange bur åleine og er den einaste brukaren av sitt eige trådlause nett. I tillegg er det mange som sjeldan slår av datamaskina si i mange dagar for å få ny IP-adresse. Ei dynamisk IP-adresse er difor ofte veleigna til å kartleggje kva ein person har gjort på internett over lang tid. Vi må heller ikkje gløyme dei som har fast IP-adresse.

Generell åtvaring

Ein sannsynleg og alvorleg konsekvens av for streng sensur og rettslege trugsmål mot fildelarar er at dei tek forholdsreglar. Det kan til dømes vere å bruke ein anonymiserande protokoll oppå internett som skjuler både kven som er avsendar og mottakar av informasjon. Mot dei er IP-adresser verdilaus informasjon.

Fordelen med anonymiserande nett som [https://www.torproject.org/ Tor], [http://www.i2p2.de/ I2P], [http://freenetproject.org/ Freenet] og liknande er at dei kan brukast på innsida av land med svært strenge sperrer mot nettet utanfor. Protokollane ser tilsynelatande ut som vanleg internett-trafikk, og slepp gjennom sjølv den kinesiske brannmuren. Dermed kan personar i undertrykkande regime kommunisere med verda utanfor utan risiko for å bli oppdaga av styresmaktene.

Problemet er at det florerer svært ulovleg innhald på desse netta. Eit nett der det er heilt umogleg å spore opp kvar innhald kjem frå, og kven som lastar det ned, vil trekkje til seg alle typar innhald som er forbode i ulike land, og ofte kriminelt i dei fleste land[http://www.anonymous-proxies.org/2009/12/from-end-of-internet-to-darknet-and.html][http://www.procysive.com/info_wp/Beware_the_Darknet.pdf]. Det gjer slike nett ekstra spanande for unge fildelarar som eigentleg berre ville laste ned ein film eller ei plate utan å risikere å få politiet på døra. I tillegg til film og musikk kan dei til dømes laste ned pornografi med aktørar på sin eigen alder. Få 13-15-åringar ville installert slik programvare berre for å få tak i det svært ulovlege innhaldet, men gjerne for å få sett dei siste filmane og få den siste musikken på mobiltelefonen før klassekameratane.

Før vi går for langt i sensur og jakt på fildelarar, må vi spørje oss om vi verkeleg ynskjer at ungdomen skal flykte til friare nett der ordensmakta ikkje har nokon kontroll.

Til dei ulike framlegga

Utlevering av identitet

Blokkering og andre former for sensur

Gjennomføring i andre nordiske land

Etter gjennomgangen av tilstanden i dei andre nordiske landa noterer vi oss at tenarane til The Pirate Bay framleis står i Sverige, er ved god helse og korkje er sletta eller blokkerte trass mange forsøk i retten. Det har heller ikkje, etter det vi kjenner til, komme framlegg om lover som vil tillate slik sensur i Sverige i framtida. Sverige er fullverdig EU-medlem, og difor bunde av dei same EU-direktiva som Noreg. Vi spør oss difor om EU-direktivet om opphavsrett faktisk krev blokkering eller sletting av heile nettstader, eller om det er implementert andre løysingar i andre land som ikkje er diskutert her.

Det kan innvendast at forsøka på å blokkere The Pirate Bay i Sverige til no har vore lite seriøse, og opphavsrettsinnehavarane heller har fokusert på å få maksimal erstatning i rettssaker. Verka som er omtalt i saka er ikkje blokkert i Google-søk innanfor thepiratebay.org, og Google pleier å vere raske med å fjerne treff frå resultatlista dersom dei får melding om at resultatet bryt opphavsretten. Fjerning av resultata frå Google ville ført til færre nedlastingar og mindre erstatning til opphavsrettsinnehavarane.

Blokkering

Det er ikkje realistisk å blokkere innhald heilt. Det beste ein kan få til er å gjere det vanskelegare å få tak i innhaldet, men sjølv det er ikkje veldig effektivt. Den naturlege reaksjonen til ein brukar som ikkje får tak i det han vil ha er å søke etter innhaldet, og då vil brukaren finne det likevel. Ei blokkering er difor berre ein symbolsk reaksjon, men å tillate ein slik reaksjon, ein sensur av internett, vil ha alvorlege prinsippielle fylgjer.

Kva gjer ein med andre utanlandske nettstader som inneheld ein eller fleire kopiar av nettstaden som skal blokkerast? Til dømes har The Internet Archive (archive.org) 945 kopiar av thepiratebay.org tekne på ulike tidspunkt frå 2004 og utover, med magnet-lenker til innhald som kan vere lagt der med eller utan aklsept frå opphavsrettsinnehavaren. Her er det snakk om meir omfattande medverknad til tilgjengeleggjering enn det thepiratebay.org står for, samstundes som archive.org har eit samfunsnyttig føremål som eit slags nasjonalbibliotek for internett. Blokkering av archive.org vil utvilsamt vere eit uforholdsmessig inngrep i informasjonsfridomen, samstundes som ei blokkering av thepiratebay.org er verdilaus utan at dei 945 kopiane på archive.org òg vert blokkerte. Det verkar som departementet har eit veldig forenkla syn på blokkering, effekten av blokkering og tilhøvet til ytringsfridomen. Vi er i ferd med å innføre sensur av internett, som har store prinsippielle verknader utan at det har nokon praktisk effekt i det heile. Opphavsrettsinnehavarane kjem ikkje til å vere nøgde, og det kjem heller ikkje dei som er interesserte i å sensurere anna innhald. Til dømes kan Norsk Tipping hevde at dei tapar ei krone i inntekt for kvar krone nordmenn brukar på ulovlege utanlandske spel på internett, og forlange at slike sider vert blokkert på same måte, samt krevje å få utlevert identiteten til mistekte ulovlege spelarar slik at dei kan sikre prov og krevje erstatning. Anna ulovleg materiale som ein kan ha interesse av å få kontroll over er ulovleg pornografi og prostitusjon, blasfemi, hat og politiske ytringar vi ikkje likar. Det første steget mot sensur er prinsipielt viktig. Når sensuren viser seg å ikkje ha nokon positiv effekt, fryktar NUUG at neste steg vert å utvide sensuren framfor å avvikle han.

Slutt på fråsegn

Kommentarar til høyringsteksten

Nokre stikkord til teksten etter kvart som eg les han. Kom gjerne med kommentarar.

Manglar i referansar til utlandet

(Usikker på om vi skal ta med dette, men eg noterer det her.)