Høyring - endringar i åndsverkslova

Høyring fra KUD om endringar i åndsverkslova.

Frist for levering er 2011-09-30.

Høyringsfråsegn

Høyringsfråsegn frå Norwegian Unix User Group til endringar i åndsverkslova.

Feil i høyringsnotatet

Først vil vi påpeike ein del feil i høyringsnotatet. Vi har valt å skilje faktafeil frå meiningar ved å ta opp dei mest graverande feila i eit eige avsnitt.

Det er ikkje alltid ulovleg å dele materiale verna av opphavsrett over internett utan løyve frå opphavsmannen. Privatkopiering er lov, anten det føregår over internett, på diskett eller kopimaskin. For kopiering av bøker er det òg lov å få hjelp frå ein tredjepart.

Skildringa av bittorrent ser ut til å ha vore skrive for meir enn seks år sidan. Det har skjedd mykje sidan den teksten vart skriven. Protokollen vart utvida i 2005 slik at tracker-funksjonen er like distribuert som sjølve fildelingsfunksjonen[http://en.wikipedia.org/wiki/BitTorrent_%28protocol%29#Distributed_trackers]. Ein tracker er difor ikkje lenger naudsynt for å få tak i innhaldet, og ein klient treng ikkje registere seg hjå ein tracker for å laste ned ei fil. Fjerning av materiale frå ein tracker, blokkering av ein tracker eller liknande vil berre hindre nedlasting for brukarar som ikkje har oppgradert programvaren sin på mange år, og ikkje treffe nokon som driv fildeling i stor skala.

På side 8 står det at The Pirate Bay fungerer som tracker, men trackeren til The Pirate Bay vart nedlagt 17. november 2009[http://thepiratebay.org/blog/175]. Då hadde trackeren etter deira meining utspelt si rolle.

Det er ikkje naudsynt å ha torrent-filene på nett heller (sidan 2005). Bittorrent-klienten kan bruke ei enkel lenke (magnet-lenke) til å finne innhaldet på tilsvarande måte som tracker-funksjonen er distribuert. Sidan 2007 har det eksistert utvikla utvidingar for å distribuere søk og indeksar på same måte (Qubit til Azureus, Tribler, etc). Dette har gjort The Pirate Bay og tilsvarande nettstader overflødige for å spreie innhaldet, men dei er framleis mykje brukt til å diskutere innhald og til å promotere nytt inhhald.

På side 34 står:

Ei maskin vil som regel be om å få attende same IP-adresse som sist neste gong ho vert slått på, og vil få ho attende med mindre det har teke so lang tid at adressa har vorte utlevert til nokon andre i mellomtida. Maskiner som sjeldan er av i lange periodar, til dømes trådlausrouterar, kan ha den same IP-adressa i mange år. Ei datamaskin som kontaktar nettet gjennom ein trådlausrouter vil få adressa til trådlausrouteren som synleg adresse på nettet. Mange brukar trådlaust nett i dag, og mange bur åleine og er den einaste brukaren av sitt eige trådlause nett. I tillegg er det mange som sjeldan slår av datamaskina si i mange dagar for å få ny IP-adresse. Ei dynamisk IP-adresse er difor ofte veleigna til å kartleggje kva ein person har gjort på internett over lang tid. Vi må heller ikkje gløyme dei som har fast IP-adresse.

Generell åtvaring

Ein sannsynleg og alvorleg konsekvens av for streng sensur og rettslege trugsmål mot fildelarar er at dei tek forholdsreglar. Det kan til dømes vere å bruke ein anonymiserande protokoll oppå internett som skjuler både kven som er avsendar og mottakar av informasjon. Mot dei er IP-adresser verdilaus informasjon.

Fordelen med anynymiserande nett som Tor, IIP, Freenet og liknande er at dei kan brukast på innsida av land med svært strenge sperrer mot nettet utanfor. Protokollane ser tilsynelatande ut som som vanleg internett-trafikk, og slepp gjennom sjølv den kinesiske brannmuren. Dermed kan personar i undertrykkande regime få kontakt med verda utanfor utan risiko for å bli oppdaga av styresmaktene.

Problemet er at det florerer svært ulovleg innhald på desse netta. Eit nett der det er heilt umogleg å spore opp kvar innhald kjem frå, og kven som lastar det ned, vil trekkje til seg alle typar innhald som er forbode i ulike land, og ofte kriminelt i dei fleste land[http://www.anonymous-proxies.org/2009/12/from-end-of-internet-to-darknet-and.html][http://www.procysive.com/info_wp/Beware_the_Darknet.pdf]. Det gjer slike nett ekstra spanande for unge fildelarar som eigentleg berre ville laste ned ein film eller ei plate utan å risikere å få Politiet på døra. I tillegg til film og musikk kan dei til dømes laste ned pornografi med aktørar på sin eigen alder. Få 13-15-åringar ville installert slik programvare berre for å få tak i det svært ulovlege innhaldet, men gjerne for å få sett dei siste filmane og få den siste musikken på mobiltelefonen før klassekameratane.

Før vi går for langt i sensur og jakt på fildelarar, må vi spørje oss om dette er ei utvikling vi ynskjer. Vi bur i eit fritt land, og har til no nytt godt av stadig mindre sensur. Dersom vi skal innføre internett-sensur av materiale som i utgangspunktet er lovleg i eit slikt omfang at det vert naudsynt med eigne tilsyn og nemnder for å handtere alle sakene, og gi identiteten til påståtte fildelarar til interesser som berre vil dei vondt, er vi redde for at ungdomen flyktar til eit friare nett der ordensmakta ikkje har nokon kontroll i det heile.

(legg til referansar)

Til dei ulike framlegga

God natt. Vonar eg rekk å skrive denne delen i morgon. :-|

Kommentarar til høyringsteksten

Nokre stikkord til teksten etter kvart som eg les han. Kom gjerne med kommentarar.

Feil i høyringstekst

Manglar i referansar til utlandet

(Usikker på om vi skal ta med dette, men eg noterer det her.)

Referansar

* *