Høyring - endringar i åndsverkslova
Høyring fra KUD om endringar i åndsverkslova.
Frist for levering er 2011-09-30.
[http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dok/hoeringer/hoeringsdok/2011/horing---endringer-i-andsverkloven---til.html?id=643799 Høyringsside hjå KUD]
Høyringstekst
- Kort om at sperrer er verdilause og IP-nummer ubruklege pga darknet
- Ynskjer vi eigentleg å sende relativt uskuldige fildelarar til darknet der svært ulovleg materiale florerer?
- Gardering mot sensur av materiale som tilhøyrer andre, eller åtak mot ytringsfridomen.
- Dokumentere gyldig opphavsrett til alt materiale ein ynskjer å sensurere.
- Viktig at opphavsretten gjeld i Noreg. Til dømes er bilete av Skipperen framleis verna av opphavsrett i USA, men ikkje i Noreg, og mange gamle lydopptak er verna i Noreg men ikkje i USA.
- Må vere straffbart/erstatningspliktig å krevje fjerning eller sperring av materiale ein ikkje har opphavsrett til.
Dersom det skal vere lov å be om sensur av materiale som andre har opphavsrett til, må alle involverte opphavsrettsinnehavarar få høve til å uttale seg om saka før eit eventuelt pålegg om sensur vert gitt. Ein heil nettstad som vert brukt av artistar og kunstnarar til å spreie og promotere eige materiale må ikkje kunne sperrast på grunn av overtramp frå andre. (Døme: YouTube, Myspace, The Pirate Bay.) Det må ikkje bli opp til nettstaden å forsvare andre sin grunnlovsfesta ytringsfridom eller opphavsrett.
- Det må gjelde strenge krav til dokumentasjon av metodar som vert brukt for å identifisere IP-adresser som deltek i fildeling, og metodane må vere godkjende på førehand i ein offentleg prosess, slik at ein ikkje risikerer registrering av uskuldige.
- Kraftig åtvaring mot å stenge mistenkte fildelarar ute frå nett. Eit slikt tiltak vil råke uskuldige. I veldig mange saker har uskuldige vorte arrestert og skulda for nedlasting av ulovleg materiale, og i ettertid har det vist seg å vere ein leigebuar eller andre som har brukt nettet. Dei fleste internett-abonnement er delt i ein husstand, mellom husstandar, for heile skular og store verksemder.
Feil i høyringstekst
- Det er ikkje alltid ulovleg å dele opphavsverna materiale over internett utan løyve frå opphavsmannen. Privatkopiering er lov, anten det føregår over internett, på diskett eller kopimaskin.
- Skildringa av bittorrent ser ut til å ha vore skrive for minst seks år sidan. Det har skjedd mykje på dei seks åra.
- Protokollen vart utvida i 2005 slik at tracker-funksjonen er like mykje peer-to-peer som sjølve fildelingsfunksjonen.
- Ein tracker har heller ikkje noka koordineringsoppgåve, men berre informerer klientar om andre bittorrent-klientar som kan ha delar av den aktuelle fila.
- Ein klient treng ikkje registere seg hjå ein tracker for å laste ned ei fil. Mange vel å la vere.
- Fjerning av materiale frå ein tracker vil berre hindre nedlasting for brukarar som ikkje har oppgradert programvaren sin på seks år, og ikkje treffe nokon som driv fildeling i stor skala.
- The Pirate Bay har ikkje hatt eigen tracker sidan 17. november 2009.
- Det er ikkje naudsynt å ha torrent-filene på nett (sidan 2005). Bittorrent-klienten kan bruke ei enkel lenke (magnet-lenke) til å finne innhaldet på same måte som tracker-funksjonen er distribuert.
- Sidan 2007 har det eksistert utvikla utvidingar for å distribuere søk og deling av torrent-filer på same måte (Qubit til Azureus, Tribler, etc).
= Manglar i referansar til utlandet = (Usikker på om vi skal ta med dette, men eg noterer det her.)
Den svenske IPRED-lova fungerer ikkje lenger i praksis, fordi internett-tilbydarane har slutta å logge koblingar mellom kunde og IP-adresse. Lova krev ikkje slik logging, og utan koblinga kan ikkje internett-tilbydarane identifisere kunden. [url http://sverigesradio.se/sida/Artikel.aspx?ProgramId=1646&artikel=3128697]
Internett-leverandør i Frankrike let vere å sende ut Hadopi-brev til kundane sine. Lova krev at kundane skal få brev gjennom internett-leverandøren, men det er ikkje straffbart å la vere å sende ut slike brev. Når kunden ikkje får brev får dei heller ikkje åtvaringane dei har krav på før dei kan sperrast. [url http://torrentfreak.com/french-isp-refuses-to-send-out-hadopi-file-sharing-warnings-101007/]
Referansar
* http://en.wikipedia.org/wiki/BitTorrent_%28protocol%29#Distributed_trackers * http://thepiratebay.org/blog/175