Høring om standardkatalog v2

Høringsfristen er 2009-05-13

Dette er et arbeidsdokument for NUUGs høringsuttalelse om FADs forslag til andre utgave av standardkatalog for staten.

Uttalelsen

Høyringsfråsegn om 2. versjon av Referansekatalogen

NUUG har lese Standardiseringsrådet sitt framlegg til 2. versjon av Referansekatalogen for IT-standardar i offentleg sektor og set stor pris på det arbeidet som her vert gjort for å sikre informasjonsflyten mellom det offentlege og innbyggarane.

Vi sluttar seg oss ut til dei vurderingane som er gjort om å basere seg på royalty-frie, opne standardar. Royalties vert normalt betalte for patent, og sjølv om betalinga i seg sjølv knapt vil vere stor nok til å hindre nokon, vil sjølve det at nokon har krav i høve til alle som nyttar ein standard innebere uakseptabel risiko.

Ved evaluering av standardar vil NUUG rå Standardidseringsrådet/departementet til m.a. å fokusere på om det finst fri programvare som implementerer standarden den aktuelle standarden. Dersom dette *ikkje* finst bør ein sjekke kva grunnar fri-programvare-samfunnet har for dette. Problem for fri distribusjon av programvare som implementerer standarden vil ofte òg vere problem for fri bruk av data som følger standarden.

På eit punkt har vi ei innvending mot framlagget til standardisering: Vi tviler på om det er tenleg å krevje bruk av UTF8-koding for alle dokument, uavhengig av dokumentformatet. I det primære formatet for publisering på web, HTML, kan ISO-10646 redigerast i og presenterast av dokumentet uavhengig av dokumentet si teiknkoding (v.h.a. såkalla «entiteter»). Det framstår ikkje som tenleg å krevje at dokument som følger HTML-standarden skal måtte omkodast utelukkande for å nytte UTF8.

Når fleire versjonar av ein standard er godkjente, slik det t.d. er tilfelle med PDF, vil vi rå offentlege etatar vere tilbakehaldne med å nytte dei nyaste versjonane til ein er visse på at støtte for desse versjonane faktisk finst og er stabil i dei programma som er mest brukt for å lese (eller på anna vis nytte) slike dokument.

NUUG BRsekretariat@nuug.no

Fornyings- og administrasjonsdepartementet BRpostmottak@fad.dep.no

Høringsuttalelse om 2. versjon av Referansekatalogen