Differences between revisions 9 and 10
Revision 9 as of 2011-09-26 18:56:20
Size: 3674
Editor: Sturle Sunde
Comment:
Revision 10 as of 2011-09-26 19:03:41
Size: 3663
Editor: Sturle Sunde
Comment:
Deletions are marked like this. Additions are marked like this.
Line 1: Line 1:
= Høring - norsk lisens for offentlige data = == Høyring - endringar i åndsverkslova ==
Line 3: Line 3:
Høring fra FAD om anbefalt lisens for offentlige data. Høyring fra KUD om endringar i åndsverkslova.

Høyring - endringar i åndsverkslova

Høyring fra KUD om endringar i åndsverkslova.

Frist for levering er 2011-09-30.

Høyringstekst

  • Kort om at sperrer er verdilause og IP-nummer ubruklege pga darknet
    • Ynskjer vi eigentleg å sende relativt uskuldige fildelarar til darknet der svært ulovleg materiale florerer?
  • Gardering mot sensur av materiale som tilhøyrer andre, eller åtak mot ytringsfridomen.
    • Dokumentere gyldig opphavsrett til alt materiale ein ynskjer å sensurere.
    • Viktig at opphavsretten gjeld i Noreg. Til dømes er bilete av Skipperen framleis verna av opphavsrett i USA, men ikkje i Noreg, og mange gamle lydopptak er verna i Noreg men ikkje i USA.
    • Må vere straffbart/erstatningspliktig å krevje fjerning eller sperring av materiale ein ikkje har opphavsrett til.
    • Dersom det skal vere lov å be om sensur av materiale som andre har opphavsrett til, må alle involverte opphavsrettsinnehavarar få høve til å uttale seg om saka før eit eventuelt pålegg om sensur vert gitt. Ein heil nettstad som vert brukt av artistar og kunstnarar til å spreie og promotere eige materiale må ikkje kunne sperrast på grunn av overtramp frå andre. (Døme: YouTube, Myspace, The Pirate Bay.) Det må ikkje bli opp til nettstaden å forsvare andre sin grunnlovsfesta ytringsfridom eller opphavsrett.

  • Det må gjelde strenge krav til dokumentasjon av metodar som vert brukt for å identifisere IP-adresser som deltek i fildeling, og metodane må vere godkjende på førehand i ein offentleg prosess, slik at ein ikkje risikerer registrering av uskuldige.
  • Kraftig åtvaring mot å stenge mistenkte fildelarar ute frå nett. Eit slikt tiltak vil råke uskuldige. I veldig mange saker har uskuldige vorte arrestert og skulda for nedlasting av ulovleg materiale, og i ettertid har det vist seg å vere ein leigebuar eller andre som har brukt nettet. Dei fleste internett-abonnement er delt i ein husstand, mellom husstandar, for heile skular og store verksemder.

Feil i høyringstekst

* Det er ikkje alltid ulovleg å dele opphavsverna materiale over internett utan løyve frå opphavsmannen. Privatkopiering er lov, anten det føregår over internett, på diskett eller kopimaskin. * Skildringa av bittorrent ser ut til å ha vore skrive for minst seks år sidan. Det har skjedd mykje på dei seks åra.

  • Protokollen vart utvida i 2005 slik at tracker-funksjonen er like mykje peer-to-peer som sjølve fildelingsfunksjonen.
  • Ein tracker har heller ikkje noka koordineringsoppgåve, men berre informerer klientar om andre bittorrent-klientar som kan ha delar av den aktuelle fila.
  • Ein klient treng ikkje registere seg hjå ein tracker for å laste ned ei fil. Mange vel å la vere.
  • Fjerning av materiale frå ein tracker vil berre hindre nedlasting for brukarar som ikkje har oppgradert programvaren sin på seks år, og ikkje treffe nokon som driv fildeling i stor skala.
  • The Pirate Bay har ikkje hatt nokon tracker på mange år.
  • Det er ikkje naudsynt å ha torrent-filene på nett (sidan 2005). Bittorrent-klienten kan bruke ei enkel lenke (magnet-lenke) til å finne innhaldet på same måte som tracker-funksjonen er distribuert.
  • Sidan 2007 har det eksistert utvikla utvidingar for å distribuere søk og deling av torrent-filer på same måte (Qubit til Azureus, Tribler, etc).

Referansar

* http://en.wikipedia.org/wiki/BitTorrent_%28protocol%29#Distributed_trackers

uttalelser/201109-opphavsrett (last edited 2015-11-29 21:27:04 by localhost)