Differences between revisions 25 and 26
Revision 25 as of 2011-09-29 08:32:10
Size: 15553
Editor: Sturle Sunde
Comment:
Revision 26 as of 2011-09-29 13:11:18
Size: 16075
Editor: Sturle Sunde
Comment:
Deletions are marked like this. Additions are marked like this.
Line 37: Line 37:
 * Dersom det vert opp til Medietilsynet å treffe vedtak om sensur, og ei tilhøyrande klagenemnd skal handsame klager, vil NUUG vektlegge at klagenemnda må sitje på relevant teknisk kompetanse i tillegg til kompetanse på opphavsrett. Hadde bittorrent vore like enkelt som det er skildra her, hadde det kanskje ikkje vore naudsynt, men nokre av mistydingane rundt korleis fildeling fungerer i praksis vil vonaleg få færre alvorlege konskvensar dersom nemnda har kompetanse til å ta omsyn til tekniske realitetar.

Høyring - endringar i åndsverkslova

Høyring fra KUD om endringar i åndsverkslova.

Frist for levering er 2011-09-30.

Høyringstekst

Nokre stikkord til teksten etter kvart som eg les han. Kom gjerne med kommentarar.

  • Kort om at sperrer er verdilause og IP-nummer ubruklege pga darknet
    • Ynskjer vi eigentleg å sende relativt uskuldige fildelarar til darknet der svært ulovleg materiale florerer?
  • Gardering mot sensur av materiale som tilhøyrer andre, eller åtak mot ytringsfridomen.
    • Dokumentere gyldig opphavsrett til alt materiale ein ynskjer å sensurere.
    • Viktig at opphavsretten gjeld i Noreg. Til dømes er bilete av Skipperen framleis verna av opphavsrett i USA, men ikkje i EU[http://www.time.com/time/world/article/0,8599,1872225,00.html], og amerikanske lydopptak frå før 1972 er verna i Noreg men har ulikt vern i kvar enkelt delstat i USA[http://www.clir.org/PUBS/reports/pub135/contents.html].

    • Må vere straffbart/erstatningspliktig å krevje fjerning eller sperring av materiale ein ikkje har opphavsrett til.
    • Dersom det skal vere lov å be om sensur av materiale som andre har opphavsrett til, må alle involverte opphavsrettsinnehavarar få høve til å uttale seg om saka før eit eventuelt pålegg om sensur vert gitt. Ein heil nettstad som vert brukt av artistar og kunstnarar til å spreie og promotere eige materiale må ikkje kunne sperrast på grunn av overtramp frå andre. (Døme: YouTube, Myspace, The Pirate Bay.) Det må ikkje bli opp til nettstaden å forsvare andre sin grunnlovsfesta ytringsfridom eller opphavsrett.

  • Det må gjelde strenge krav til dokumentasjon av metodar som vert brukt for å identifisere IP-adresser som deltek i fildeling, og metodane må vere godkjende på førehand i ein offentleg prosess, slik at ein ikkje risikerer registrering av uskuldige.
    • Opphavsrettsindustrien er kjend for å bruke svært lite treffsikre metodar i jakta på fildelarar.[http://dmca.cs.washington.edu/dmca_hotsec08.pdf Why My Printer Received a DMCA Takedown Notice]

    • Ein utanlandsk dissident bloggar frå Noreg, og vil halde identiteten sin skjult for å verne seg sjølv og familien som framleis bur i heimlandet. Dersom regimet i heimlandet klarar å avsløre i IP-adressa hans, til dømes med ei lure-lenke i ein privat kommentar, og fabrikkerer ei sak om brot på opphavsretten, kva då? Dersom identitetar bak IP-adresser skal delast ut må det leggjast til grunn strenge krav til prov etter på førehand godkjende metodar, og prova må innhentast av ein uavhengig instans. Ideelt må kunden få høve til å uttale seg på førehand, slik at spesielle tilhøve kan komme fram og takast med i den rettslege vurderinga av om identiteten skal utleverast. Spesielt fordi kunden ikkje kan vere motpart i saka, slik han har krav på i fylgje Tvistemålslova §28-3.
  • Kraftig åtvaring mot å stenge mistenkte fildelarar ute frå nett. Eit slikt tiltak vil råke uskuldige. I veldig mange saker har uskuldige vorte arrestert og skulda for nedlasting av ulovleg materiale, og i ettertid har det vist seg å vere ein leigebuar eller andre som har brukt nettet. Dei fleste internett-abonnement er delt i ein husstand, mellom husstandar, for heile skular og store verksemder.
  • Departementet hevdar at det er gode grunnar til å opne for å lagre IP-adressene til mistenkte lovbrytarar utan konsesjon fordi det ikkje vil vere hensiktsmesig om Datatilsynet skal gi konsesjon i kvart enkelt tilfelle. I neste avsnitt kan vi lese at antallet som gjennomfører selve behandlingen er begrenset. Det er avgrensa tal konsesjonar som skal gjevast, og det er snakk om sensitive personopplysningar. Grunngjevinga er etter vår meining ikkje god nok til at ein bør gjere unnatak frå kravet i personopplysningslova §33 om krav om konsesjonsplikt for handsaming av sensitive personopplysningar.

  • DNS-blokkering er trivielt å omgå. Blokkeringa av The Pirate Bay i Danmark slo i praksis av det danske barnepornofilteret fordi svært få bukar DNS-tenarane til danske internett-tilbydarar lenger. I tillegg fører DNS-blokkering til svært mange falske positive. Det meste av innhaldet på The Pirate Bay er lagt der med godkjenning av opphavsrettsinnehavarane, for å promotere plater og filmar, og vert like mykje sperra som det som ligg der utan godkjenning. Det ulovlege innhaldet som folk søker på, kan uansett finnast gjennom søkemotorar som indekserer The Pirate Bay. Det som vert råka av ei sperre er materiale som artistar, forfattarar og filmskaparar har lenka til direkte.
  • IP-blokkering vil neppe medføre vesentleg fleire falske positive enn DNS-blokkering. The Pirate Bay indekserer per i dag 3 578 781 torrent-filer. Berre ein brøkdel av desse er påstått å lenke til innhald som vert delt ulovleg.
  • Innhaldsbokkering er heilt klårt mest treffsikkert. Som høyringsteksten nemner er innhaldsblokkering like lett å omgå som DNS- og IP-blokkering, mellom anna med kryptering (standard i dei fleste bittorrent-klientar), men vil gi færrast falske positive. Ein kombinasjon av DNS/IP-blokkering og innhaldsblokkering, der internett-leverandøren kan påleggjast å sensurere sider med gitt innhald frå gitte nettstader (til dømes søkemotorar), vil vere treffsikkert og relativt effektivt, so lenge kunden ikkje krypterer trafikken. I tillegg vil det vere veldig dyrt.
  • Ingen formar for sensur er effektive eller treffsikre, og fleire vil gjere større skade enn gagn. Til dømes vil DNS-blokkering av The Pirate Bay gjere ei enorm samling av fritt tilgjengeleg kultur tungvint å nå for norske brukarar. Artistar, forfattarar og kunstnarar som har valt å bruke The Pirate Bay til å spre verka sine til publikum, vert sensurert mot sin vilje. Brukarar som omgår sensuren får samstundes oppheva barnepornofilteret, kanskje utan at dei ynskjer det. Lovgjevar bør òg tenke gjennom om oppheving av barnepornofilteret er ein akseptabel konsekvens.
  • Til 3.2.2 må vi kommentere at det ofte er mange fleire enn tre partar. Opphavsrettsinnehavarar som har valt ein nettstad som distribusjonskanal for verket sitt vil få sin rett til å kontrollere distribusjonen krenka dersom nettstaden vert blokkert. For ikkje å snakke om sin grunnlovsfesta ytringsfridom. Vedkommande miste både kontrollen over distribusjonen og kontakt med brukarane dersom ho ikkje veit korleis ein omgår blokkeringa. Ein må difor ta alle opphavsrettsinnehavarar med materiale på nettstaden med som partar i ei sak som vedkjem sensur av ein heil nettstad. Dersom ein opphavsrettsinnehavar motset seg sensur av eige materiale, må retten vege dei ulike denne sin ytringsfridom og rett til å kontrollere distribusjon av sitt verk opp mot kravet frå motparten som ynskjer heile nettstaden sensurert. Mange brukar populære nettsider for fildeling til å promotere sine eigne verk. Blant profilerte døme er den svenske rapparen Timbuktu[http://www.dagensit.no/trender/article1495173.ece] og den norske duoen Gatas Parlament[http://ballade.no/nmi.nsf/doc/art2008092414533845188372]. Dei må få øve til å vere part i ei sak som kan ende med at deira viktigaste kanal for distribusjon og promotering vert sensurert for norske nett-brukarar.

  • Vi er samde i at eit varsel-og-fjern-system både vil avgrense informasjonsfridomen og sannsynlegvis vil bli misbrukt. Misbruk er utbreidd i land som har innført det.
  • Etter å ha konkludert med at eit varsel-og-fjern-system kan misbrukast, er det pussig at ein ikkje vil ha med nettstad eller original ytrar i sensursaker. Opphavsrettsinnehavarar som har finansielle musklar til å køyre ei slik sak i rettssystemet er ofte for store til at den eine armen veit kva den andre gjer. Det er ei rekkje saker frå USA der nettstader har vorte konfiskert etter å ha lagt ut promoteringsmateriale som dei har fått frå plateselskapa eller artistane sjølve[http://www.nytimes.com/2010/12/14/business/media/14music.html][http://www.nytimes.com/2010/12/20/business/media/20music.html]. Sensur kan føre til store tap for nettstaden, både i tap av lesarar og omdømme. Det må difor vere rimeleg at nettstaden er fullverdig part i saka, og får høve til å forsvare seg mot krav om sensur. Det same gjeld den originale ytrar, som i eit par av dei refererte tilfella frå USA var artisten sjølv. Dersom artisten sjølv dukkar opp som part mot plateselskapet, er sjansen større for å finne eit forlik som sparar rettsvesenet og internettleverandørar for mykje arbeid, og nettstadar for tap.

  • I mange høgprofilerte saker har det vist seg at plateselskap prøvar å få fjerna innhald eller saksøke for fildeling av innhald som dei ikkje har opphavsretten til. Til dømes i saka mot The Pirate Bay i Sverige, der plateselskapet Bonnier Amigo Music Group prøvde å få erstatning for fildeling av albumet "Discokommitèn" av Max Peezy. Max Peezy eig sjølv opphavsretten til plata, og brukar The Pirate Bay til marknadsføring av sin musikk. Han reagerte kraftig mot at plateselskapet hadde brukt hans verk på denne måten då saka starta, og meiner det har hatt konsekvensar for han som artist.[http://www.svd.se/kultur/artist-hoppar-av-pirate-bay-atalet_1137879.svd]

  • Departementet ynskjer å kunne påleggje internettleverandørar å slette heile nettstadar som er lagra på eigne tenarar dersom den same nettstaden skal blokkerast. Dette må vere eit soleklårt brot på §100 i grunnlova. Dersom nettstaden ligg på tenaren til ein internettleverandør kan leverandøren slette sidene som bryt opphavsretten med stor presisjon. Det er ingen tekniske grunnar til å fjerne andre ytringar eller heile nettstaden, slik det kan vere med blokkering. Sletting av heile nettstaden er difor ein uforholdsmessig streng reaksjon.
  • Kva gjer ein med andre utanlandske nettstadar som inneheld ein ein eller fleire kopiar av nettstaden som skal blokkerast? Til dømes har The Internet Archive (archive.org) 945 kopiar av thepiratebay.org tekne på ulike tidspunkt frå 2004 og utover, med magnet-lenkar til innhald som kan vere lagt der med eller mot viljen til opphavsrettsinnehavaren. Her er det snakk om meir omfattande medverknad til tilgjengeleggjering enn det thepiratebay.org står for, samstundes som archive.org har eit samfunsnyttig føremål som eit slags nasjonalbibliotek for internett. Blokkering av archive.org vil utvilsamt vere eit uforholdsmessig inngrep i informasjonsfridomen, samstundes som ei blokkering av thepiratebay.org er verdilaus utan at dei 945 kopiane på archive.org òg vert blokkert. Det verkar som departementet har eit veldig forenkla syn på blokkering, effekten av blokkering og tilhøvet til ytringsfridomen. Vi er i ferd med å innføre sensur av internett, som har store prinsippielle verknader utan at det har nokon praktisk effekt i det heile. Opphavsrettsinnehavarane kjem naturleg vis ikkje til å ver nøgde, og det kjem heller ikkje dei som er interesserte i å sensurere anna innhald. Til dømes ulovleg pornografi og prostitusjon, hasard-spel, blasfemi, hat og politiske ytringar vi ikkje likar, osv. Det første steget mot sensur er prinsipielt viktig. Når sensuren viser seg å ikkje ha nokon positiv effekt i det heile, vert då neste steg at vi fjernar sensuren eller at vi utvidar sensuren?
  • Vi noterer oss at tenarane til The Pirate Bay framleis står i Sverige, og korkje er sletta eller blokkert trass mange iherdige forsøk i retten. Det har heller ikkje, etter det vi kjenner til, komme framlegg om lover som vil tillate slik sensur i Sverige i framtida, eller pålegg om dette frå EU. Sverige er fullverdig EU-medlem, og difor bunde av dei same EU-direktiva som Noreg. Vi spør oss difor om EU-direktivet om opphavsrett faktisk krev sensur innhald på internett, eller om det er implementert andre løysingar i andre land som ikkje er diskutert her.
  • NUUG meiner at evt pålegg om sensur må vere ei oppgåve for domstolane etter ein vanleg og rettvis rettsprosess der alle partar vert høyrde. Det skal vere ein høg terskel for sensur i Noreg, jf §100 i grunnlova, og vi meiner at domstolane er den mest truverdige garantisten for at sensuren ikkje sklir ut og vert ein formalitet. Både internettleverandørar, Medietilsynet og Klagenemnda for mediesaker kan vere oppfatta som meir utsette for politisk og økonomisk press enn domstolane, som har høg integritet og tillit som uavhengige av lovgjevande og utøvande makt.
  • Dersom det vert opp til Medietilsynet å treffe vedtak om sensur, og ei tilhøyrande klagenemnd skal handsame klager, vil NUUG vektlegge at klagenemnda må sitje på relevant teknisk kompetanse i tillegg til kompetanse på opphavsrett. Hadde bittorrent vore like enkelt som det er skildra her, hadde det kanskje ikkje vore naudsynt, men nokre av mistydingane rundt korleis fildeling fungerer i praksis vil vonaleg få færre alvorlege konskvensar dersom nemnda har kompetanse til å ta omsyn til tekniske realitetar.

Feil i høyringstekst

  • Det er ikkje alltid ulovleg å dele opphavsverna materiale over internett utan løyve frå opphavsmannen. Privatkopiering er lov, anten det føregår over internett, på diskett eller kopimaskin.
  • Skildringa av bittorrent ser ut til å ha vore skrive for minst seks år sidan. Det har skjedd mykje på dei seks åra.
  • Protokollen vart utvida i 2005 slik at tracker-funksjonen er like mykje peer-to-peer som sjølve fildelingsfunksjonen.
  • Ein tracker har heller ikkje noka koordineringsoppgåve, men berre informerer klientar om andre bittorrent-klientar som kan ha delar av den aktuelle fila.
  • Ein klient treng ikkje registere seg hjå ein tracker for å laste ned ei fil. Mange vel å la vere.
  • Fjerning av materiale frå ein tracker vil berre hindre nedlasting for brukarar som ikkje har oppgradert programvaren sin på seks år, og ikkje treffe nokon som driv fildeling i stor skala.
  • The Pirate Bay har ikkje hatt eigen tracker sidan 17. november 2009.
  • Det er ikkje naudsynt å ha torrent-filene på nett (sidan 2005). Bittorrent-klienten kan bruke ei enkel lenke (magnet-lenke) til å finne innhaldet på same måte som tracker-funksjonen er distribuert.
  • Sidan 2007 har det eksistert utvikla utvidingar for å distribuere søk og deling av torrent-filer på same måte (Qubit til Azureus, Tribler, etc).
  • [...] de fleste privatpersoner har dynamiske IP-adresser. Ettersom slike IP-adresser er i stadig endring, vil det ikke være mulig å bruke opplysningene til for eksempel å gjøre en mer allmenn kartlegging av hva den aktuelle personen har gjort på internett.

    • Maskiner som sjeldan er av i lang tid, til dømes trådlausrouterar, vil få att den same IP-adressa kvar gong, og kan i praksis ha den same dynamiske IP-adressa i årevis.
    • Kva med kundar som har faste IP-adresser?

Manglar i referansar til utlandet

(Usikker på om vi skal ta med dette, men eg noterer det her.)

Referansar

* http://en.wikipedia.org/wiki/BitTorrent_%28protocol%29#Distributed_trackers * http://thepiratebay.org/blog/175

uttalelser/201109-opphavsrett (last edited 2015-11-29 21:27:04 by localhost)