Differences between revisions 17 and 18
Revision 17 as of 2011-09-27 20:07:24
Size: 6746
Editor: Sturle Sunde
Comment:
Revision 18 as of 2011-09-27 21:30:25
Size: 8751
Editor: Sturle Sunde
Comment:
Deletions are marked like this. Additions are marked like this.
Line 24: Line 24:
 * DNS-blokkering er trivielt å omgå. Blokkeringa av The Pirate Bay i Danmark slo i praksis av det danske barnepornofilteret fordi svært få bukar DNS-tenarane til danske internett-tilbydarar lenger. I tillegg fører DNS-blokkering til svært mange falske positive. Det meste av innhaldet på The Pirate Bay er lagt der med godkjenning av opphavsrettsinnehavarane, for å promotere plater og filmar, og vert like mykje sperra som det som ligg der utan godkjenning. Det ulovlege innhaldet som folk søker på, kan uansett finnast gjennom søkemotorar som indekserer The Pirate Bay. Det som vert råka av ei sperre er materiale som artistar, forfattarar og filmskaparar har lenka til direkte.
 * IP-blokkering vil neppe medføre vesentleg fleire falske positive enn DNS-blokkering. The Pirate Bay indekserer per i dag 3 578 781 torrent-filer. Berre ein brøkdel av desse er påstått å lenke til innhald som vert delt ulovleg.
 * Innhaldsbokkering er heilt klårt mest treffsikkert. Som høyringsteksten nemner er innhaldsblokkering like lett å omgå som DNS- og IP-blokkering, mellom anna med kryptering (standard i dei fleste bittorrent-klientar), men vil gi færrast falske positive. Ein kombinasjon av DNS/IP-blokkering og innhaldsblokkering, der internett-leverandøren kan påleggjast å sensurere sider med gitt innhald frå gitte nettstader (til dømes søkemotorar), vil vere treffsikkert og relativt effektivt, so lenge kunden ikkje krypterer trafikken. I tillegg vil det vere veldig dyrt.
 * Ingen formar for sensur er effektive eller treffsikre, og fleire vil gjere større skade enn gagn. Til dømes vil DNS-blokkering av The Pirate Bay gjere ei enorm samling av fritt tilgjengeleg kultur tungvint å nå for norske brukarar. Artistar, forfattarar og kunstnarar som har valt å bruke The Pirate Bay til å spre verka sine til publikum, vert sensurert mot sin vilje. Brukarar som omgår sensuren får samstundes oppheva barnepornofilteret, kanskje utan at dei ynskjer det.

Høyring - endringar i åndsverkslova

Høyring fra KUD om endringar i åndsverkslova.

Frist for levering er 2011-09-30.

Høyringstekst

Nokre stikkord til teksten etter kvart som eg les han. Kom gjerne med kommentarar.

  • Kort om at sperrer er verdilause og IP-nummer ubruklege pga darknet
    • Ynskjer vi eigentleg å sende relativt uskuldige fildelarar til darknet der svært ulovleg materiale florerer?
  • Gardering mot sensur av materiale som tilhøyrer andre, eller åtak mot ytringsfridomen.
    • Dokumentere gyldig opphavsrett til alt materiale ein ynskjer å sensurere.
    • Viktig at opphavsretten gjeld i Noreg. Til dømes er bilete av Skipperen framleis verna av opphavsrett i USA, men ikkje i EU[url http://www.time.com/time/world/article/0,8599,1872225,00.html], og amerikanske lydopptak frå før 1972 er verna i Noreg men har ulikt vern i kvar enkelt delstat i USA[url http://www.clir.org/PUBS/reports/pub135/contents.html].

    • Må vere straffbart/erstatningspliktig å krevje fjerning eller sperring av materiale ein ikkje har opphavsrett til.
    • Dersom det skal vere lov å be om sensur av materiale som andre har opphavsrett til, må alle involverte opphavsrettsinnehavarar få høve til å uttale seg om saka før eit eventuelt pålegg om sensur vert gitt. Ein heil nettstad som vert brukt av artistar og kunstnarar til å spreie og promotere eige materiale må ikkje kunne sperrast på grunn av overtramp frå andre. (Døme: YouTube, Myspace, The Pirate Bay.) Det må ikkje bli opp til nettstaden å forsvare andre sin grunnlovsfesta ytringsfridom eller opphavsrett.

  • Det må gjelde strenge krav til dokumentasjon av metodar som vert brukt for å identifisere IP-adresser som deltek i fildeling, og metodane må vere godkjende på førehand i ein offentleg prosess, slik at ein ikkje risikerer registrering av uskuldige.
    • Ein utanlandsk dissident bloggar frå Noreg, og vil halde identiteten sin skjult for å verne seg sjølv og familien som framleis bur i heimlandet. Dersom regimet i heimlandet klarar å avsløre i IP-adressa hans, til dømes med ei lure-lenke i ein privat kommentar, og fabrikkerer ei sak om brot på opphavsretten, kva då? Dersom identitetar bak IP-adresser skal delast ut må det leggjast til grunn strenge krav til prov etter på førehand godkjende metodar, og prova må innhentast av ein uavhengig instans. Ideelt må kunden få høve til å uttale seg på førehand, slik at spesielle tilhøve kan komme fram og takast med i den rettslege vurderinga av om identiteten skal utleverast. Spesielt fordi kunden ikkje kan vere motpart i saka, slik han har krav på i fylgje Tvistemålslova §28-3.
  • Kraftig åtvaring mot å stenge mistenkte fildelarar ute frå nett. Eit slikt tiltak vil råke uskuldige. I veldig mange saker har uskuldige vorte arrestert og skulda for nedlasting av ulovleg materiale, og i ettertid har det vist seg å vere ein leigebuar eller andre som har brukt nettet. Dei fleste internett-abonnement er delt i ein husstand, mellom husstandar, for heile skular og store verksemder.
  • Departementet hevdar at det er gode grunnar til å opne for å lagre IP-adressene til mistenkte lovbrytarar utan konsesjon fordi det ikkje vil vere hensiktsmesig om Datatilsynet skal gi konsesjon i kvart enkelt tilfelle. I neste avsnitt kan vi lese at antallet som gjennomfører selve behandlingen er begrenset. Det er avgrensa tal konsesjonar som skal gjevast, og det er snakk om sensitive personopplysningar. Grunngjevinga er etter vår meining ikkje god nok til at ein bør gjere unnatak frå kravet i personopplysningslova §33 om krav om konsesjonsplikt for handsaming av sensitive personopplysningar.

  • DNS-blokkering er trivielt å omgå. Blokkeringa av The Pirate Bay i Danmark slo i praksis av det danske barnepornofilteret fordi svært få bukar DNS-tenarane til danske internett-tilbydarar lenger. I tillegg fører DNS-blokkering til svært mange falske positive. Det meste av innhaldet på The Pirate Bay er lagt der med godkjenning av opphavsrettsinnehavarane, for å promotere plater og filmar, og vert like mykje sperra som det som ligg der utan godkjenning. Det ulovlege innhaldet som folk søker på, kan uansett finnast gjennom søkemotorar som indekserer The Pirate Bay. Det som vert råka av ei sperre er materiale som artistar, forfattarar og filmskaparar har lenka til direkte.
  • IP-blokkering vil neppe medføre vesentleg fleire falske positive enn DNS-blokkering. The Pirate Bay indekserer per i dag 3 578 781 torrent-filer. Berre ein brøkdel av desse er påstått å lenke til innhald som vert delt ulovleg.
  • Innhaldsbokkering er heilt klårt mest treffsikkert. Som høyringsteksten nemner er innhaldsblokkering like lett å omgå som DNS- og IP-blokkering, mellom anna med kryptering (standard i dei fleste bittorrent-klientar), men vil gi færrast falske positive. Ein kombinasjon av DNS/IP-blokkering og innhaldsblokkering, der internett-leverandøren kan påleggjast å sensurere sider med gitt innhald frå gitte nettstader (til dømes søkemotorar), vil vere treffsikkert og relativt effektivt, so lenge kunden ikkje krypterer trafikken. I tillegg vil det vere veldig dyrt.
  • Ingen formar for sensur er effektive eller treffsikre, og fleire vil gjere større skade enn gagn. Til dømes vil DNS-blokkering av The Pirate Bay gjere ei enorm samling av fritt tilgjengeleg kultur tungvint å nå for norske brukarar. Artistar, forfattarar og kunstnarar som har valt å bruke The Pirate Bay til å spre verka sine til publikum, vert sensurert mot sin vilje. Brukarar som omgår sensuren får samstundes oppheva barnepornofilteret, kanskje utan at dei ynskjer det.

Feil i høyringstekst

  • Det er ikkje alltid ulovleg å dele opphavsverna materiale over internett utan løyve frå opphavsmannen. Privatkopiering er lov, anten det føregår over internett, på diskett eller kopimaskin.
  • Skildringa av bittorrent ser ut til å ha vore skrive for minst seks år sidan. Det har skjedd mykje på dei seks åra.
  • Protokollen vart utvida i 2005 slik at tracker-funksjonen er like mykje peer-to-peer som sjølve fildelingsfunksjonen.
  • Ein tracker har heller ikkje noka koordineringsoppgåve, men berre informerer klientar om andre bittorrent-klientar som kan ha delar av den aktuelle fila.
  • Ein klient treng ikkje registere seg hjå ein tracker for å laste ned ei fil. Mange vel å la vere.
  • Fjerning av materiale frå ein tracker vil berre hindre nedlasting for brukarar som ikkje har oppgradert programvaren sin på seks år, og ikkje treffe nokon som driv fildeling i stor skala.
  • The Pirate Bay har ikkje hatt eigen tracker sidan 17. november 2009.
  • Det er ikkje naudsynt å ha torrent-filene på nett (sidan 2005). Bittorrent-klienten kan bruke ei enkel lenke (magnet-lenke) til å finne innhaldet på same måte som tracker-funksjonen er distribuert.
  • Sidan 2007 har det eksistert utvikla utvidingar for å distribuere søk og deling av torrent-filer på same måte (Qubit til Azureus, Tribler, etc).
  • [...] de fleste privatpersoner har dynamiske IP-adresser. Ettersom slike IP-adresser er i stadig endring, vil det ikke være mulig å bruke opplysningene til for eksempel å gjøre en mer allmenn kartlegging av hva den aktuelle personen har gjort på internett.

    • Maskiner som sjeldan er av i lang tid, til dømes trådlausrouterar, vil få att den same IP-adressa kvar gong, og kan i praksis ha den same dynamiske IP-adressa i årevis.
    • Kva med kundar som har faste IP-adresser?

Manglar i referansar til utlandet

(Usikker på om vi skal ta med dette, men eg noterer det her.)

Referansar

* http://en.wikipedia.org/wiki/BitTorrent_%28protocol%29#Distributed_trackers * http://thepiratebay.org/blog/175

uttalelser/201109-opphavsrett (last edited 2015-11-29 21:27:04 by localhost)