Differences between revisions 11 and 14 (spanning 3 versions)
Revision 11 as of 2011-09-26 19:05:20
Size: 3658
Editor: Sturle Sunde
Comment:
Revision 14 as of 2011-09-26 23:05:16
Size: 5536
Editor: Sturle Sunde
Comment:
Deletions are marked like this. Additions are marked like this.
Line 15: Line 15:
   * Viktig at opphavsretten gjeld i Noreg. Til dømes er bilete av Skipperen framleis verna av opphavsrett i USA, men ikkje i Noreg, og mange gamle lydopptak er verna i Noreg men ikkje i USA.    * Viktig at opphavsretten gjeld i Noreg. Til dømes er bilete av Skipperen framleis verna av opphavsrett i USA, men ikkje i EU[url http://www.time.com/time/world/article/0,8599,1872225,00.html], og amerikanske lydopptak frå før 1972 er verna i Noreg men har ulikt vern i kvar enkelt delstat i USA[url http://www.clir.org/PUBS/reports/pub135/contents.html].
Line 19: Line 19:
   * Ein utanlandsk dissident bloggar frå Noreg, og vil halde identiteten sin skjult for å verne seg sjølv og familien som framleis bur i heimlandet. Dersom regimet i heimlandet klarar å avsløre i IP-adressa hans, til dømes med ei lure-lenke i ein privat kommentar, og fabrikkerer ei sak om brot på opphavsretten, kva då? Dersom identitetar bak IP-adresser skal delast ut må det leggjast til grunn strenge krav til prov etter på førehand godkjende metodar, og prova må innhentast av ein uavhengig instans. Ideelt må kunden få høve til å uttale seg på førehand, slik at spesielle tilhøve kan komme fram og takast med i den rettslege vurderinga av om identiteten skal utleverast. Spesielt fordi kunden ikkje kan vere motpart i saka, slik han har krav på i fylgje Tvistemålslova §28-3.
Line 28: Line 29:
 * The Pirate Bay har ikkje hatt nokon tracker på mange år.  * The Pirate Bay har ikkje hatt eigen tracker sidan 17. november 2009.
Line 32: Line 33:
= Manglar i referansar til utlandet =
Line 33: Line 35:
== Referansar == (Usikker på om vi skal ta med dette, men eg noterer det her.)
 * Den svenske IPRED-lova fungerer ikkje lenger i praksis, fordi internett-tilbydarane har slutta å logge koblingar mellom kunde og IP-adresse. Lova krev ikkje slik logging, og utan koblinga kan ikkje internett-tilbydarane identifisere kunden. [url http://sverigesradio.se/sida/Artikel.aspx?ProgramId=1646&artikel=3128697]
 * Internett-leverandør i Frankrike let vere å sende ut Hadopi-brev til kundane sine. Lova krev at kundane skal få brev gjennom internett-leverandøren, men det er ikkje straffbart å la vere å sende ut slike brev. Når kunden ikkje får brev får dei heller ikkje åtvaringane dei har krav på før dei kan sperrast. [url http://torrentfreak.com/french-isp-refuses-to-send-out-hadopi-file-sharing-warnings-101007/]

= Referansar =
Line 35: Line 41:
* http://thepiratebay.org/blog/175

Høyring - endringar i åndsverkslova

Høyring fra KUD om endringar i åndsverkslova.

Frist for levering er 2011-09-30.

Høyringstekst

  • Kort om at sperrer er verdilause og IP-nummer ubruklege pga darknet
    • Ynskjer vi eigentleg å sende relativt uskuldige fildelarar til darknet der svært ulovleg materiale florerer?
  • Gardering mot sensur av materiale som tilhøyrer andre, eller åtak mot ytringsfridomen.
    • Dokumentere gyldig opphavsrett til alt materiale ein ynskjer å sensurere.
    • Viktig at opphavsretten gjeld i Noreg. Til dømes er bilete av Skipperen framleis verna av opphavsrett i USA, men ikkje i EU[url http://www.time.com/time/world/article/0,8599,1872225,00.html], og amerikanske lydopptak frå før 1972 er verna i Noreg men har ulikt vern i kvar enkelt delstat i USA[url http://www.clir.org/PUBS/reports/pub135/contents.html].

    • Må vere straffbart/erstatningspliktig å krevje fjerning eller sperring av materiale ein ikkje har opphavsrett til.
    • Dersom det skal vere lov å be om sensur av materiale som andre har opphavsrett til, må alle involverte opphavsrettsinnehavarar få høve til å uttale seg om saka før eit eventuelt pålegg om sensur vert gitt. Ein heil nettstad som vert brukt av artistar og kunstnarar til å spreie og promotere eige materiale må ikkje kunne sperrast på grunn av overtramp frå andre. (Døme: YouTube, Myspace, The Pirate Bay.) Det må ikkje bli opp til nettstaden å forsvare andre sin grunnlovsfesta ytringsfridom eller opphavsrett.

  • Det må gjelde strenge krav til dokumentasjon av metodar som vert brukt for å identifisere IP-adresser som deltek i fildeling, og metodane må vere godkjende på førehand i ein offentleg prosess, slik at ein ikkje risikerer registrering av uskuldige.
    • Ein utanlandsk dissident bloggar frå Noreg, og vil halde identiteten sin skjult for å verne seg sjølv og familien som framleis bur i heimlandet. Dersom regimet i heimlandet klarar å avsløre i IP-adressa hans, til dømes med ei lure-lenke i ein privat kommentar, og fabrikkerer ei sak om brot på opphavsretten, kva då? Dersom identitetar bak IP-adresser skal delast ut må det leggjast til grunn strenge krav til prov etter på førehand godkjende metodar, og prova må innhentast av ein uavhengig instans. Ideelt må kunden få høve til å uttale seg på førehand, slik at spesielle tilhøve kan komme fram og takast med i den rettslege vurderinga av om identiteten skal utleverast. Spesielt fordi kunden ikkje kan vere motpart i saka, slik han har krav på i fylgje Tvistemålslova §28-3.
  • Kraftig åtvaring mot å stenge mistenkte fildelarar ute frå nett. Eit slikt tiltak vil råke uskuldige. I veldig mange saker har uskuldige vorte arrestert og skulda for nedlasting av ulovleg materiale, og i ettertid har det vist seg å vere ein leigebuar eller andre som har brukt nettet. Dei fleste internett-abonnement er delt i ein husstand, mellom husstandar, for heile skular og store verksemder.

Feil i høyringstekst

  • Det er ikkje alltid ulovleg å dele opphavsverna materiale over internett utan løyve frå opphavsmannen. Privatkopiering er lov, anten det føregår over internett, på diskett eller kopimaskin.
  • Skildringa av bittorrent ser ut til å ha vore skrive for minst seks år sidan. Det har skjedd mykje på dei seks åra.
  • Protokollen vart utvida i 2005 slik at tracker-funksjonen er like mykje peer-to-peer som sjølve fildelingsfunksjonen.
  • Ein tracker har heller ikkje noka koordineringsoppgåve, men berre informerer klientar om andre bittorrent-klientar som kan ha delar av den aktuelle fila.
  • Ein klient treng ikkje registere seg hjå ein tracker for å laste ned ei fil. Mange vel å la vere.
  • Fjerning av materiale frå ein tracker vil berre hindre nedlasting for brukarar som ikkje har oppgradert programvaren sin på seks år, og ikkje treffe nokon som driv fildeling i stor skala.
  • The Pirate Bay har ikkje hatt eigen tracker sidan 17. november 2009.
  • Det er ikkje naudsynt å ha torrent-filene på nett (sidan 2005). Bittorrent-klienten kan bruke ei enkel lenke (magnet-lenke) til å finne innhaldet på same måte som tracker-funksjonen er distribuert.
  • Sidan 2007 har det eksistert utvikla utvidingar for å distribuere søk og deling av torrent-filer på same måte (Qubit til Azureus, Tribler, etc).

= Manglar i referansar til utlandet =

(Usikker på om vi skal ta med dette, men eg noterer det her.)

Referansar

* http://en.wikipedia.org/wiki/BitTorrent_%28protocol%29#Distributed_trackers * http://thepiratebay.org/blog/175

uttalelser/201109-opphavsrett (last edited 2015-11-29 21:27:04 by localhost)