Fråsegn frå Norwegian Unix User Group om datalagringsdirektivet

Frist er 12. april.

Nyttige referanser

Høyring om datalagring

Høyringsfråsegn frå Norwegian Unix User Group

Innleiing og konklusjon

Norwegian Unix User Group går i mot innføring av datalagringsdirektivet. Pålagt registrering av kontaktnett, kommunikasjonsmønster og fysisk rørslemønster for den delen av folket som ikkje treff tiltak for unngå dette, framstår ikkje som eit effektivt og rimeleg inngrep for å bekjempe alvorleg kriminalitet.

Om NUUG

Norwegian Unix User Group (NUUG) er ei ikkje-kommersiell foreining for profesjonelle databrukarar, programvareutviklarar og driftspersonell. Foreininga har fokus på opne standardar, fri programvare og UNIX-liknande operativsystem.

Om direktivet

Direktivet legg opp til å erstatte dagens etterforskingsprinsipp med eit overvakingsprinsipp. Store mengder data om åtferda til heile folket skal registrerast, utan krav om mistanke eller andre former for målretting.

Politisk signaleffekt

Innføring av direktivet vil gje eit signal til ålmenta om at vernet om borgarane sine private sfærer ikkje er viktig. Det vil òg innebere at omfattande registrering av data om alle borgarar -- i tilfelle politiet skulle fatte interesse for dei -- ikkje vil vere eit skilje mellom ein totalitær stat og eit land som påberopar seg å vere ein liberal rettsstat. Det er her verdt å peike på at domstolar i Romania og Tyskland har funne implementeringa av direktivet i nasjonal lovgjeving grunnlovsstridig, og viser til den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Korleis vil folket tilpasse seg?

Vi må rekne med at innføring av direktivet vil innverke på korleis delar av folket nyttar elektronisk kommunikasjon. Ein analyse kan dele folket inn i tre grupper:

«Kriminelle». Dei som planlegg lovstridige aktiviteter som dei reknar med at politiet vil bruke registrerte data i etterforskinga av. Desse vil, i større grad enn dei fleste, vite korleis ein unngår registrering og vere viljuge til å ta konstadane/bryet/risikoen ved å gjere det. (T.d. bruk av stolne mobiltelefonar.) Dette vil redusere mengda nyttige data som vert lagra.

«Likesæle». Dei som går ut i frå at styresmaktene ikkje kjem til å gjere bruk av data som er registrert om seg sjølve, og som difor i liten grad endrar åtferd.

«Dissidentar». Dei som ikkje planlegg brotsverk som etter reglane skulle gje grunnlag for bruk av registrerte data i etterforskinga, men som er i tvil om styresmaktene alltid følger reglane. Det er i alle fall to måtar desse kan tenkast å reagere på: Ved å kommunisere i mindre grad via kanalar der kommunikasjon vert registrert, eller ved i større grad å unngå åtferd dei trur styresmaktene vil oppfatte som brysam. Dette vil svekkje sivilsamfunnet ved å hemme fri meiningsbryting og idéutveksling.

Vidare utvikling

Det framstår som sannsynleg at vi i framtida vil kommunisere oftare v.h.a. mobile einingar, eller at programvare installert på desse einingane kjem til å gjere det. Kombinert med direktivet sitt krav om å registrere avsendaren sin posisjon ved kommunikasjon vil dette innebere ei meir eller mindre kontinuerleg overvaking av kvar borgarane er.

Ettersom dei kriminelle si tilpassing til registreringa vil redusere nytten av lagra data for etterforsking, er det all grunn til å tru at det vil kome krav om registrering av nye typar data.

Tekniske problem

Implementering av direktivet vil innebere ein sterk auke i mengda data det potensielt kan leitast i ved etterforsking, samstundes som det at folk veit at data vert registrerte vil trekke i retninga av etterforskingsmessig nyttige data er klårt underrepresenterte. Det er ikkje gitt at implementering av direktivet vil gje netto vinst i høve til å identifisere nyttige data.

Vern av data

Registrerte data vil vere både sensitive og kommersielt interessante, og såleis trenge vern mot uautorisert innsyn. Oversyn over kontaktnettet til menneske som har politisk asyl i Noreg, eller organisasjonar med aktiviteter som styresmakter i framande land ikkje set pris på, vil òg vere av interesse for etterretningstenestene til framande land. Å sikre vern samstundes som ein sikrar at lovheimla innsyn kan skje rask, er krevjande. Når leverandørane samstundes ikkje har nokon nytte av data er det fare for at dei ikkje vil bli verna godt nok.

uttalelser/201003-datalagringsdirektivet (last edited 2015-11-29 21:27:03 by localhost)