Høring om standardkatalog v2

Høringsfristen er 2009-05-13

Dette er et arbeidsdokument for NUUGs høringsuttalelse om FADs forslag til andre utgave av standardkatalog for staten.

Uttalelsen

NUUG
sekretariat@nuug.no

Fornyings- og administrasjonsdepartementet
postmottak@fad.dep.no

Høyringsfråsegn om 2. versjon av Referansekatalogen

NUUG har lese Standardiseringsrådet sitt framlegg til 2. versjon av Referansekatalogen for IT-standardar i offentleg sektor og set stor pris på det arbeidet som her vert gjort for å sikre informasjonsflyten mellom det offentlege og innbyggjarane.

Vala av ODF og PDF som format for dokument som vert sendt som vedlegg til e-post er fornuftig, og overgangsordningane verkar rimelege. Sjølv om det ikkje direkte vedrører denne standardiseringa, gjer vi merksame på at vedlegg i eit visst monn vert nytta for tekst som like gjerne kunne ha vore skrive direkte i e-posten. Dette kan vere eit problem t.d. når ein les e-post v.h.a. web-baserte løysingar.

Det er klårt fornuftig ikkje å ta ISO OOXML inn i standardkatalogen. Spesifikasjonen framstår som mangelfull og uklår, og dette gjer det tvilsamt kor interoperable framtidige løysingar vil vere.

Covernotatet om dokumentutveksling peikar på at bruk av nyare versjonar av PDF kan føre til at dei som sit med eldre versjonar av PDF-lesarar får problem med å lese dokumentet. Vi saknar ei tilråding om kva som skal gjerast for å minimere dette problemet.

Standardane som er tilrådde for lyd/bilete/video på offentlege nettsider framstår som gode val: SVG for vektorgrafikk, JPEG for tapsbringande komprimering og PNG for tapsfri komprimering av punktgrafikk er opne standardar med utbreidd støtte. FLAC for tapsfri komprimering av lyd er open og har utbreidd støtte. Vorbis for tapsbringande komprimering av lyd og Theora for ditto av video har per i dag mindre støtte i vevlesarar, men både Opera og Firefox ser ut til å få dette snart. NUUG har brukt Ogg Theora i fleire år utan problem.

Fristane for tilpassing framstår som noko lange. Innhald publisert i dag, og som forutset programvare frå visse leverandørar, vil etter framlegget først bli fritt tilgjengeleg om fem og eit halvt år.

Særleg ser vi det som viktig at framlegget baserer seg på royalty-frie standardar. Standardar der implementering krev betaling per brukar eller per eining selt er eit massivt problem for programvare som kan vidareutviklast og vidaredistribuerast utan andre krav enn at dei som mottek programvara skal ha dei same rettane. Royalty-betaling (og eventuelle andre krav knytt til bruk av patentet) er i praksis umogleg å gjennomføre innanfor ein slik modell. Dette er t.d. eit problem for bruk av H.264 på linux (H.264 krev royalties frå 2010). Standardisering på royalty-belagte format ville innebere at innbyggjarane ikkje fritt kan velje kva programvare dei vil nytte for å få tilgong til informasjon på offentlege nettsider.

NUUG rår Standardiseringsrådet/FAD til å fokusere på om det finst fri programvare som implementerer standarden ved framtidig evaluering av standardar. Dersom utviklarane av fri programvare ikkje har høve til å lage program som les og/eller skriv formatet har ikkje borgarane fritt val av programvare, og det offentlege står ikkje fritt til å gjere som dei finn best m.o.t. lesing og skriving av formatet. Her vil vi vise til [http://www.digistan.org/open-standard:definition Digital Standards Organization sin definisjon av «Free and Open Standard»] der eit vesentleg poeng nettopp er at ingen skal kunne ta kontroll over kven som kan bruke standarden.

På eit punkt har vi ei innvending mot framlegget til standardisering: Vi tviler på om det er tenleg å krevje bruk av UTF8-koding for alle dokument, uavhengig av dokumentformatet. I det primære formatet for publisering på web, HTML, kan ISO-10646 redigerast i og presenterast av dokumentet uavhengig av dokumentet si teiknkoding (v.h.a. såkalla «entiteter»). Det framstår ikkje som tenleg å krevje at dokument som følgjer HTML-standarden skal måtte omkodast utelukkande for å nytte UTF8.

Av område som bør prioriterast ved vidare standardisering vil vi nemne 3D-modellering og «pakkar» som kan innehalde filstrukturar.

For NUUG: Håvard Fosseng

Referanser

Ideer som bør vurderes