Differences between revisions 14 and 15
Revision 14 as of 2009-05-13 12:17:02
Size: 6221
Editor: Fosseng
Comment: NUUGs bruk av Ogg Theora
Revision 15 as of 2009-05-13 12:20:19
Size: 6260
Comment: Noen referanser.
Deletions are marked like this. Additions are marked like this.
Line 13: Line 13:
 * [http://www.mpegla.com/news/n_03-11-17_avc.html H.264 bait and switch]
Line 15: Line 14:
 * [http://blogs.sun.com/webmink/entry/roman_canaries Bruk av fri programvare for å se om noe er en åpen standard]
Line 88: Line 86:
=== Referanser ===
Line 89: Line 88:
 * [http://www.mpegla.com/news/n_03-11-17_avc.html H.264 krever royalties fra 2010]
 * [http://blogs.sun.com/webmink/entry/roman_canaries Bruk av fri programvare som test for å se om noe er en åpen standard]

Høring om standardkatalog v2

Høringsfristen er 2009-05-13

Dette er et arbeidsdokument for NUUGs høringsuttalelse om FADs forslag til andre utgave av standardkatalog for staten.

Uttalelsen

NUUG BRsekretariat@nuug.no

Fornyings- og administrasjonsdepartementet BRpostmottak@fad.dep.no

Høyringsfråsegn om 2. versjon av Referansekatalogen

NUUG har lese Standardiseringsrådet sitt framlegg til 2. versjon av Referansekatalogen for IT-standardar i offentleg sektor og set stor pris på det arbeidet som her vert gjort for å sikre informasjonsflyten mellom det offentlege og innbyggjarane.

Vala av ODF og PDF som format for dokument som vert sendt som vedlegg til e-post er fornuftig, og overgangsordningane verkar rimelege. Sjølv om det ikkje direkte vedrører denne standardiseringa, gjer vi merksame på at vedlegg i eit visst monn vert nytta for tekst som like gjerne kunne ha vore skrive direkte i e-posten. Dette kan vere eit problem t.d. når ein les e-post v.h.a. web-baserte løysingar.

Det er klårt fornuftig ikkje å ta ISO OOXML inn i standardkatalogen. Spesifikasjonen framstår som mangelfull og uklår, og dette gjer det tvilsamt kor interoperable framtidige løysingar vil vere.

Covernotatet om dokumentutveksling peikar på at bruk av nyare versjonar av PDF kan føre til at dei som sit med eldre versjonar av PDF-lesarar får problem med å lese dokumentet. Vi saknar ei tilråding om kva som skal gjerast for å minimere dette problemet.

Standardane som er tilrådde for lyd/bilete/video på offentlege nettsider framstår som gode val: SVG for vektorgrafikk, JPEG for tapsbringande komprimering og PNG for tapsfri komprimering av punktgrafikk er opne standardar med utbreidd støtte. FLAC for tapsfri komprimering av lyd er open og har utbreidd støtte. Vorbis for tapsbringande komprimering av lyd og Theora for ditto av video har per i dag mindre støtte i vevlesarar, men både Opera og Firefox ser ut til å få dette snart.NUUG har brukt Ogg Theora i fleire år utan problem.

Fristane for tilpassing framstår som noko lange. Innhald publisert i dag, og som forutset programvare frå visse leverandørar, vil etter framlegget først bli fritt tilgjengeleg om fem og eit halvt år.

Særleg ser vi det som viktig at framlegget baserer seg på royalty-frie standardar. Standardar der implementering krev betaling per brukar eller per eining selt er eit massivt problem for programvare som kan vidareutviklast og vidaredistribuerast utan andre krav enn at dei som mottek programvara skal ha dei same rettane. Royalty-betaling (og eventuelle andre krav knytt til bruk av patentet) er i praksis umogleg å gjennomføre innanfor ein slik modell. Dette er t.d. eit problem for bruk av H.264 på linux. Standardisering på royalty-belagte format ville innebere at innbyggjarane ikkje fritt kan velje kva programvare dei vil nytte for å få tilgong til informasjon på offentlege nettsider.

NUUG rår Standardiseringsrådet/FAD til å fokusere på om det finst fri programvare som implementerer standarden ved framtidig evaluering av standardar. Dersom utviklarane av fri programvare ikkje har høve til å lage program som les og/eller skriv formatet har ikkje borgarane fritt val av programvare, og det offentlege står ikkje fritt til å gjere som dei finn best m.o.t. lesing og skriving av formatet.

På eit punkt har vi ei innvending mot framlegget til standardisering: Vi tviler på om det er tenleg å krevje bruk av UTF8-koding for alle dokument, uavhengig av dokumentformatet. I det primære formatet for publisering på web, HTML, kan ISO-10646 redigerast i og presenterast av dokumentet uavhengig av dokumentet si teiknkoding (v.h.a. såkalla «entiteter»). Det framstår ikkje som tenleg å krevje at dokument som følgjer HTML-standarden skal måtte omkodast utelukkande for å nytte UTF8.

Referanser

Ideer som bør vurderes

  • H.264 har patentproblemer
  • viktg at fri programvare kan ta i bruk standardene (forklare problemstillingen?)
  • Ogg Theora er et godt valg - nevne at Opera og Firefox vil støtte det av boksen, samt at Wikipedia bruker det allerede? Samt f.eks. Frikanalen og NUUG.
  • Royalties pr. enhet solgt eller antall brukere er blokkerende for løsninger uten lisenskostnader (fri programvare).
  • Epostbruk bør anbefale bruk av text/plain når det ikke er nødvendig med vedlegg, og ikke anbefale HTML-epost.
  • SVG er et godt valg for vektorgrafikk
  • JPEG og PNG er gode valg for bildeformater.
  • Ogg Vorbis og FLAC er gode valg for lydformater.
  • Ogg Theora er gode valg for videoformat. H.264 er mindre bra pga. patentproblemer.
  • Bra at en både spesifiserer innkapslings- og komprimeringsformat der flere valg finnes.
  • Bør se på standarder for 3D-modellering / visualisering til framtidig katalog.

uttalelser/200901-standardkatalog-v2 (last edited 2015-11-29 21:27:02 by localhost)