[:styre/20091215-agenda:Førre styremøte 2009-12-15].
Agenda for styremøte i NUUG 2010-02-10
Tid: Onsdag 2010-02-10 kl. 19:00 BR Stad: Hjemme hos Petter i Nydalen
Inviterte:
- Styremedlemmer:
- Petter Reinholdtsen (skype: petterreinholdtsen)
- Jon Petter Bjerke (skype: jonpetter)
- Håvard Fosseng
- Christer Gundersen (skype: christergundersen)
- Ole Kristian Lien (skype: oklien)
- Varamedlemmer:
- Gaute Nessan
- Lars Solberg
Forfall:
- Ingen så langt
Vi satsar på skype som konferansetelefonsystem. Kven tek med seg det som trengst, dvs. bærbar med veltesta skype-instans? Petter Reinholdtsen har ein del erfaring som kan delast med dei som set opp skype. Vi har fått tilbod om å teste Asterisk, så dette kan testast dersom nokon stiller opp i forkant av møtet (om lag 30 minutt før held nok).
2010-XX Godkjenning av referat (Håvard) [1 min]
Utkast til referat frå styremøtet 15. desember vart sendt ut 23. desember og er å rekne som automatisk godkjent.
2010-XX Opptak og endringar av medlemmer (Petter) [5 min]
Framlegg til vedtak:
- Styret godkjenner dei nye medlemmene og tek utmeldingane til etterretning.
Orienteringar
2010-XX Status for framtidig økonomistyring (Jon Petter/Ole Kristian) [X min]
Oppfølging av 2009-31.
Jon Petter og Ole Kristian orienterer om status for opplæring av Ole Kristian og planar for framtidig økonomistyring i NUUG etter at Jon Petter går ut av styret i mars.
Vedtakssaker
2010-XX Revidert budsjett for 2010 og budsjett for 2011 (Jon Petter) [X min]
Jon Petter legg fram revidert budsjett etter innspel frå undergruppene og styret på møtet.
Framlegg til vedtak:
- Framlegget til budsjett for 2010 og 2011 vert vedteke og lagt fram for årsmøtet.
2010-XX Årsmelding (Håvard) [X min]
Håvard legg fram utkast til årsmelding.