Pressemelding sendt pressemelding@nuug og annonsering@nuug 2010-04-14 11:05. = Pressemelding frå NUUG: NUUG går i mot innføring av Datalagringsdirektivet = NUUG oppmodar Stortinget til ''ikkje'' å innføre Datalagringsdirektivet i norsk lov. Kontinuerleg og omfattande registrering av kontaktnett, kommunikasjonsmønster og posisjonsdata for alle innbyggarar er ei massiv krenking av personvernet og eit tvilsamt verkemiddel for å kjempe mot alvorleg kriminalitet. "Datalagringsdirektivet er en dårlig ide som vil skade demokratiet i Norge uten at det nødvendigvis vil hjelpe politiets etterforskning. Politiet har store IT-problemer i dag, og det er ikke gitt at det blir enklere for dem å finne nålen i høystakken ved å spa på mere høy", seier NUUG-leiar Petter Reinholdtsen Direktivet legg opp til å erstatte prinsippet om etterforsking med prinsippet om overvaking. Omfattande overvaking av eigne borgarar skal ikkje lenger vere eit skilje mellom oss og statar vi ikkje likar å bli samanlikna med. I praksis vil registreringa bli langt meir omfattande for dei skuldlause enn dei kriminelle, ettersom dei siste kjem til å gjere tiltak for å unngå at interessande data vert registrerte. Når registreringa syner seg ikkje å vere så effektiv som enkelte tilhengarar hadde vona, vil vi truleg få krav om enno meir massiv overvaking. I tillegg må vi rekne med krav om at data, når dei først finst, skal kunne nyttast til andre føremål. Registrerte data ''vil'' bli misbrukte. Den relativt nære historia gjev ikkje grunn til å tru at lover alltid vert etterlevde av styresmaktene m.o.t. overvaking. Det finst òg individ og organisasjonar i Noreg med aktiviteter framande statar oppfattar som plagsame; vi må rekne med data om kontaktnett og kommunikasjonsmønster for desse vert mål for desse statane sine etterettingstenester. Norwegian Unix User Group (NUUG) er ei ikkje-kommersiell foreining for profesjonelle databrukarar, programvareutviklarar og driftspersonell. Foreininga har fokus på opne standardar, fri programvare og UNIX-liknande operativsystem. == Kontaktpersonar == Petter Reinholdtsen, leiar i NUUG <
>Epost: pere at hungry.com Håvard Fosseng, sekretær i NUUG <
>Epost: havardf at nuug.no == Referansar == * http://www.nuug.no/ <
>NUUG * http://wiki.nuug.no/uttalelser/201003-datalagringsdirektivet <
>NUUGs si høyringsfråsegn. * http://www.torproject.org/ <
>Tor